Eg har opna butikk på Epla.no, ein nettstad der du finn ei stor samling skapande sjeler som har ting til sals. Heretter vil eg ikkje lenger legge ut nye ting for sal på bloggen, men i denne lille sjappa. Ta ein kikk om du er interessert!

Fancypants

september 22, 2009

raud velourbukse 1-2Knallraud joggebukse i deilig velour, med favorittfuglen på rompa. Pga elastisk ribb i midje og føter vil denne kunne passe barn mellom 1-2 år. Vaskbar på 40 grader. Pris 150,-

Gladskjørt til salgs!

august 14, 2009

Etter ein del om og men har eg kome til konklusjonen at garderoben min er for jordnær for dette skjørtet. Eg likar det veldig godt, men eg er altfor lite flink til å bruke skjørt sjølv og har temmeleg mange hengande ubrukte i skapet. Difor tenkte eg å legge det ut for sal her, i tilfelle nokon ser at  «dette er eit skjørt for meg»! Om ingen viser interesse kan det alltids hende eg skal ta ei ny vurdering på om eg kan gå med det sjølv, for det er jo eigentleg eit veldig kult og ikkje minst behageleg skjørt! (Og om eg hadde gått over det med strykejernet hadde det tatt seg endå betre ut på bilete…)

turkisraudt skjørt foran

Skjørtet er kanta med raudt skråband i bomull. Det turkise stoffet er mjukt, og litt tjukt. Eg kjenner dessverre ikkje til kva slags stoff det er sidan eg har fått det, men det er iallefall ikkje brannfarleg! Har testa:) Sidan det er brei ribb i midjen, vil skjørtet kunne passe personar som brukar str. 36-40. Sjølv om pipestilkbeina mine ser ut som eg er bitteliten og mager, så er det biletet som lyg. Eg er normalt str. 38 i høgde og breidde…

Skjørtet er sjølvsagt vaskbart på 40 grader, då fuglen er trykt på med tekstilmaling. Pris: 250 kroner.

turkisraudt skjørt

forklekjole blomsterglede

Nok ein retro forklekjole. Denne gongen med knapping på skuldrane, slik at ein kan justere storleiken med å flytte knappane om ein vil. Blomsterstoffet er ubrukt metervare frå det glade 70-tal, fôrstoffet er frå ein lite brukt duk frå omlag same tidsepoke. Begge deler i bomull. Dei grøne blomsterknappane er litt spesielle, for dei er nemleg laga av gummi!

Kjolen vil passe frå 1 års alder og oppover, og kan seinare brukast som tunika. Toler vask på minst 40 grader. Pris 200,-

forklekjole blomsterglede bak

IMG_2662

Samlesmekke

juni 7, 2009

brun smekke voks

Smekke laga i voksdukstoff, med samlelomme på magen for mat på vandring. Den er kanta med skråband i lin og skal knytast i nakken. Smekka vil kunne passe barn frå ca 8 mnd alder og oppover. Pris 100,-

Solig kjole 2 år

Sommarkjole str. 2 år i bomull. Denne ropar etter sola! Her har eg gjenbrukt gardinstoff og dynetrekk, og eg garanterar at du ikkje finn ein kjole som er lik denne. Den har to trykknappar bak i nakken, og er kanta med skråband i bomull. Kan vaskast på min. 40 grader. Pris 200,-

Bermudapirat

juni 7, 2009

Bermudapirat 1-2 år

Piratbukse str. 1-2 år, sydd i 100% bomull. Stoffet er grått med kvite, lysgrå og lysgrøne blomar på. Den har elastikk i midjen og god plass til bleierumpe. Toler sjølvsagt maskinvask på min. 40 grader. Pris 150,-

Forklekjole åhlens

forklekjole bak

Vendbar forklekjole i enkel modell, med veldig sjarmerande små vesen på. Den motsatte sida er kvit med raudt trykk. Ingen knappar eller detaljar, det enkle er ofte det beste. Denne vil kunne brukast som kjole frå ca 4-12  månaders alder, og seinare som tunika. Toler maskinvask ved 40 grader. Pris 199,-

retro grønn bamse smekke

Matglad brun smekke

turkis bamse smekke

småmønstrete brun bamse smekke

turkis stripe fugl smekke

Leverte frå meg ein smekkeleveranse i forrige veke, og gløymde å ta bilete. Men etter oppmoding frå fleire om å lage meir smekker kjem det no 5 nye. Samme modell som før, med trykknapp og tekstiltrykk. Toler minimum 40 graders vask. Sei ifrå om du er interessert! Kr 60 pr stk.

Baksidene er som følger (frå toppen): 1- retro grøn blomst. 2 – beige, rutete flanell. 3 – turkis/kvit-stripete. 4 – beige, rutete flanell. 5 – turkis blomstrete.

Nye smekker

mars 18, 2009

På grunn av stor etterspørsel er eg no inne i ein ny smekkefase. Her er fire nye, og fleire kjem om ikkje så lenge. Prisen har gått litt opp, sidan eg har innsett at eg brukar ein del tid på å lage dei. Særleg dei spesialbestilte, der eg legg litt ekstra i å finne stoff og fargar som skal matche bestillinga. Eg miksar fortsatt nytt og gammalt, men vel stoff som skal tole mange vask. Tekstiltusjen eg brukar kan vaskast på 60 grader, men eg anbefalar 40 då eg trur teksten fort blir falma om ein vaskar ofte på 60. Storleiken er den samme som før, berre 3 cm lengre. Prisen for dei som vert lagt ut for sal her er 60 kr per stk. Dersom nokon vil bestille eigen tekst og velge stoff/fargar kostar dei 75,-

Kun sølekoppen igjen! 

småblomstrete sølekopp

Sidan eg ikkje har teke bilete av baksida av smekkene, kan eg informere om at fuglesmekka har kvit bakside med små hjerter i pastellfargar. Matvraket har marineblå, storrutete bakside, og sølekoppen er mørk rosa bak. Smekka underst har lysegul, småmønstrete bakgrunn.

stripete turkis fugl

lysblå matvrak

stripete sommarfugl

(Viss nokon kan fortelle meg kvifor eg ikkje får vekk mellomrommet mellom bileta, så blir eg glad for det. I redigeringsvindauget ligg dei heilt inntil kvarandre. Irriterande!!)