Gladskjørt til salgs!

august 14, 2009

Etter ein del om og men har eg kome til konklusjonen at garderoben min er for jordnær for dette skjørtet. Eg likar det veldig godt, men eg er altfor lite flink til å bruke skjørt sjølv og har temmeleg mange hengande ubrukte i skapet. Difor tenkte eg å legge det ut for sal her, i tilfelle nokon ser at  “dette er eit skjørt for meg”! Om ingen viser interesse kan det alltids hende eg skal ta ei ny vurdering på om eg kan gå med det sjølv, for det er jo eigentleg eit veldig kult og ikkje minst behageleg skjørt! (Og om eg hadde gått over det med strykejernet hadde det tatt seg endå betre ut på bilete…)

turkisraudt skjørt foran

Skjørtet er kanta med raudt skråband i bomull. Det turkise stoffet er mjukt, og litt tjukt. Eg kjenner dessverre ikkje til kva slags stoff det er sidan eg har fått det, men det er iallefall ikkje brannfarleg! Har testa:) Sidan det er brei ribb i midjen, vil skjørtet kunne passe personar som brukar str. 36-40. Sjølv om pipestilkbeina mine ser ut som eg er bitteliten og mager, så er det biletet som lyg. Eg er normalt str. 38 i høgde og breidde…

Skjørtet er sjølvsagt vaskbart på 40 grader, då fuglen er trykt på med tekstilmaling. Pris: 250 kroner.

turkisraudt skjørt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.