Strikkepinneetui
januar 11, 2009
Eg har laga fleire strikkepinneetui etter same prinsipp som dei eg har vist fram på bloggen min tidlegare. Sjølv er eg veldig fornøgd med det eg brukar til mine pinnar, og har fått positive tilbakemeldingar frå andre som har fått slike. Fleire har spurt om dei kan få kjøpe eit slikt etui, difor har eg no laga fleire. Gje ein lyd om du er interessert! Pris kr 180,-.
Alle er selde!

Alle etuia eg lagar har eit kraftig bomullsstoff som bærestykke, slik at det toler mykje og at pinnane ikkje går gjennom stoffet. “Lommene” på innsida er i tynnare stoff slik at etuiet ikkje blir for tjukt og tungt. Eit etui rommar nokså mange sett med strømpepinnar opptil 20 cm lengde, og fremst er det 4 lommer der ein kan ha rundpinnar i ulike storleikar.

Det brune etuiet med blomar har trykknappar i kvar side slik at ein kan feste “folden” over pinnane før ein rullar det saman. Alle strikkepinneetuia har band i sida til å knyte rundt og halde det saman. Dette gjer etuiet fleksibelt, slik at det fungerar fint enten du har 20 eller 100 pinnar i det.
Handlenett ala 1974
oktober 7, 2008

Dette stoffet berre ropte at det ville bli eit handlenett! Eg lagde to. Dei har storleik omlag som ein plastpose frå butikken, og ei lomme på innsida som nettet kan brettast nedi når det ikkje er i bruk. Då blir størrelsen 12 x 15 cm. Hendig å ha i bilen eller veska! Materialet er lett og glatt, men delvis syntetisk og difor sterkt. Vaskbart. *gitt bort*
Tom Peng Pung
oktober 1, 2008
Kven har ikkje høyrt den vitsen?
Her er eit par enkle pengepungar i solid dongeri, med knappepynt og ei hempe i enden der du t.d. kan henge eit nøkkelknippe om du vil. Storleiken er slik at det går greit å putte eit plastkort eller to nedi utan å krangle med glidelåsen. Pris kr 60/ stk. *Begge er gitt bort*
Grytelappar ullmix
september 26, 2008
Stripete grønt handlenett
september 26, 2008
Handlenett med flat botn og solide handtak. Stoffet er eit kraftig gardinstoff, og teksten er trykt med tekstilmaling slik at nettet kan vaskast i maskin dersom det blir skittent etter mange turar til og frå butikken. Eg har mine handlenett liggande i bilen, slik at eg kan dra dei med meg når eg skal handle. Dei er betre å bere enn plastposar, og toler mykje meir vekt! Storleiken er omtrent som ein “vanleg” plastpose frå matbutikk.
Pris: 100,- *solgt*
Pennal
september 26, 2008

Stemplingstusjane mine trengde eit pennal slik at eg kunne oppbevare dei liggande. Har høyrt at det er lurt for å bevare dei lengst mogeleg. Uansett; resultatet blei som bileta viser. Ytterstoffet er eit kraftig bomullsstoff med trykk, lommestoffet er noko tynnare og eg har delt inn i fire rom. Ein fin gåveide til kreative veninner, små frøknar som har mange fine fargeblyantar eller tøffe gutar som likar å bruke tusj? Bandet som brukast til å knyte det saman kan bytast i annan farge. Kom med ønske!
Pris: 80,-













