Eller kall det babybooties om du vil. Gode og varme, sidan dei er lett tova. Storleik: nyfødt til ca 3 mnd. Knappane kan brukast, men erfaringa er at tøflane er greie å ta av og på utan å opne knappane sidan stroppane er tøyelege. Pris kr 80,-
Dette er eit slags overskotslager. Periodevis voldsom skapartrang gjer at heimelaga saker og ting hopar seg opp heime hos meg. Dette er det fleire som har påpeika. Dei har også foreslått at eg skal begynne å selge ting eg lagar. Så her har dåkke. Ein liten blogg med saker og ting eg godt kan selge. Dersom du er interessert. Det er lov å prute! Eller gjere bytehandel, dersom du sjølv har saker og ting du har laga som du ikkje nødvendigvis vil behalde.
Gamle dynetrekk med grelle fargar, puter frå flowerpower-perioden, gardiner frå ei svunnen tid, stoffrestar som har blitt liggande, kle i morsomme fargar…Eg likar å gjenbruke! Og om du har liggande saker og ting på loftet eller i eit overfylt skap, og tenker at du eigentleg burde kvitta deg med det for lengst -ta gjerne kontakt!