Samlesmekke

juni 7, 2009

brun smekke voks

Smekke laga i voksdukstoff, med samlelomme på magen for mat på vandring. Den er kanta med skråband i lin og skal knytast i nakken. Smekka vil kunne passe barn frå ca 8 mnd alder og oppover. Pris 100,-

retro grønn bamse smekke

Matglad brun smekke

turkis bamse smekke

småmønstrete brun bamse smekke

turkis stripe fugl smekke

Leverte frå meg ein smekkeleveranse i forrige veke, og gløymde å ta bilete. Men etter oppmoding frå fleire om å lage meir smekker kjem det no 5 nye. Samme modell som før, med trykknapp og tekstiltrykk. Toler minimum 40 graders vask. Sei ifrå om du er interessert! Kr 60 pr stk.

Baksidene er som følger (frå toppen): 1- retro grøn blomst. 2 – beige, rutete flanell. 3 – turkis/kvit-stripete. 4 – beige, rutete flanell. 5 – turkis blomstrete.

Nye smekker

mars 18, 2009

På grunn av stor etterspørsel er eg no inne i ein ny smekkefase. Her er fire nye, og fleire kjem om ikkje så lenge. Prisen har gått litt opp, sidan eg har innsett at eg brukar ein del tid på å lage dei. Særleg dei spesialbestilte, der eg legg litt ekstra i å finne stoff og fargar som skal matche bestillinga. Eg miksar fortsatt nytt og gammalt, men vel stoff som skal tole mange vask. Tekstiltusjen eg brukar kan vaskast på 60 grader, men eg anbefalar 40 då eg trur teksten fort blir falma om ein vaskar ofte på 60. Storleiken er den samme som før, berre 3 cm lengre. Prisen for dei som vert lagt ut for sal her er 60 kr per stk. Dersom nokon vil bestille eigen tekst og velge stoff/fargar kostar dei 75,-

Kun sølekoppen igjen! 

småblomstrete sølekopp

Sidan eg ikkje har teke bilete av baksida av smekkene, kan eg informere om at fuglesmekka har kvit bakside med små hjerter i pastellfargar. Matvraket har marineblå, storrutete bakside, og sølekoppen er mørk rosa bak. Smekka underst har lysegul, småmønstrete bakgrunn.

stripete turkis fugl

lysblå matvrak

stripete sommarfugl

(Viss nokon kan fortelle meg kvifor eg ikkje får vekk mellomrommet mellom bileta, så blir eg glad for det. I redigeringsvindauget ligg dei heilt inntil kvarandre. Irriterande!!)

Smekker på bestilling

november 12, 2008

Grisunge blomstMatvrak marineFrøkenLøken 

Her er tre smekker eg har sendt ut av huset. Mottakarane har så langt berre kome med positive tilbakemeldingar, og det set eg stor pris på!

Fekk plutsleg heilt dilla på å lage smekker. Syns det er frigjerande å kunne kombinere fargar på ein litt utradisjonell måte og likevel vere fornøgd med resultatet. Har brukt både gjenbruksstoff, nye stoff og gamle retrostoff, alt i bomull. Alle har trykknappar og er sydd etter same mønster, men breidda varierer noko. Dei vil alle kunne passe ein liten sølekopp i alderen 4 – 18 mnd. Toler maskinvask på minimum 40 grader. Pris kr 50,- stk.

Dei to første smekkene har stripete bakgrunnsstoff i rosa/lime/beigetonar.

Grisungen har fôrstoff som er einsfarga naturkvitt. *solgt*

Dette brune stoffet med festlige sirklar har ein gong vore ein kjole. Eg lurer på om den tilhøyrde bestemor? Bakstykket er turkis. *solgt*

Masekråka har fått bakstykke som matchar dei lilla blomane, altså einsfarga blålilla stoff. *solgt*

Baksida til denne fuglesmekka er knall turkis. *solgt*

Nok ei raudgrøn småmønstrete smekke med naturkvit bakgrunn. *solgt*

Kjenner du ein liten ertekrok? Turkis fôrstoff også her. *gitt bort*

Om du vil kan eg sy smekker med sjølvvald tekst, evt namn, og fargar etter ønske.

Smikksmakksmokk

september 26, 2008

Smekker i bomullsstoff med borrelås i nakken. Teksten er skriven med tekstiltusj som toler vask på 60 grader. Ta ein nærare kik på dei morsomme stoffa! Baksida er ubleika lerret. Pris kr 50,-

Tøffingen er solgt!

Fargeklattar…

september 26, 2008

…som kan brukast til så mangt! Nålepute, motorikkball, sjongleringskule…Firkantane er sydde av bomullsstoff, og er einsfarga på baksida. På toppen har dei ein merkelapp der det står «laga av Kristine». Dei er fylte med opprekksgarn, slik at dei er faste i forma, og ufarlege for små troll som vil klemme og smake på. Storleiken er omlag 4 x 4 cm.

Pris: 100,- for alle tre.

Mei Tai «Flower power»

september 26, 2008

Eg har selt min første mei tai! Spennande og skummelt på samme tid. Har jo ikkje testa den i bruk sjølv, så kan ikkje seie noko om korleis den vil fungere. Men kjøparen gav meg tilliten og har lova å komme med tilbakemeldingar. Har dessutan fått bestilling på ein til som snart skal avgårde med posten.  *klappar meg stolt på skuldra*

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bileta vart jo litt rare sidan eg ikkje hadde nokon prøvebaby å putte oppi, men dei gir iallefall eit inntrykk av resultatet. Og for dei som synest det ser ut som eg er gravid, så er det altså handa mi som er nedi selen for å skape volum…

Selane og bakstykket på panelet er sydd i mørk blå cordfløyel. Omlag 50 cm av selane er vatterte slik at dei er gode å ha over skuldrane og inntil ryggen. Panelet er i kraftig bomull med masse fargar. Storleik: ca 40 x 55 cm. Eg har sydd ei sovehette som kan festast på med to store trykknappar. Den har to snorer som kan festast til selane når barnet søv. For dei som ikkje kjenner til slike bereselar så kan eg berette at ein også kan ha barnet på ryggen når spedbarnsalderen er over.