Forklekjole grøn retro 2-3

    Forklekjole turkis 2-3

Eg fekk lyst å sy ein forklekjole igjen. Denne gongen har eg brukt eit skikkelig kult retrostoff med grøne blomar og brune blad (!). Innsida, som også kan brukast som utsida, er eit gammalt dynetrekk i turkise og grøne sjatteringar. Ein skikkelig gjenbrukskjole med andre ord! Alt i bomull.

Storleik 2-3 år (som kjole). Når barnet veks kan den brukast som tunika. Ingen knappar eller detaljar som kan plukkast på eller øydeleggast. Toler vask på minst 40 grader. Pris 199,-

Forklekjole grønturkis bak

Strikkepinneetui

januar 11, 2009

Eg har laga fleire strikkepinneetui etter same prinsipp som dei eg har vist fram på bloggen min tidlegare. Sjølv er eg veldig fornøgd med det eg brukar til mine pinnar, og har fått positive tilbakemeldingar frå andre som har fått slike. Fleire har spurt om dei kan få kjøpe eit slikt etui, difor har eg no laga fleire. Gje ein lyd om du er interessert! Pris kr 180,-.

Alle er selde!

strikkepinneetui frosk

Alle etuia eg lagar har eit kraftig bomullsstoff som bærestykke, slik  at det toler mykje og at pinnane ikkje går gjennom stoffet. «Lommene» på innsida er i tynnare stoff slik at etuiet ikkje blir for tjukt og tungt. Eit etui rommar nokså mange  sett med strømpepinnar opptil 20 cm lengde, og fremst er det 4 lommer der ein kan ha rundpinnar i ulike storleikar.

img_1985   strikkepinneetui blå   strikkepinneetui brun blome   strikkepinneetui nærbilde

Det brune etuiet med blomar har trykknappar i kvar side slik at ein kan feste «folden» over pinnane før ein rullar det saman. Alle strikkepinneetuia har band i sida til å knyte rundt og halde det saman. Dette gjer etuiet fleksibelt, slik at det fungerar fint enten du har 20 eller 100 pinnar i det.

Smekker på bestilling

november 12, 2008

Grisunge blomstMatvrak marineFrøkenLøken 

Her er tre smekker eg har sendt ut av huset. Mottakarane har så langt berre kome med positive tilbakemeldingar, og det set eg stor pris på!

Fekk plutsleg heilt dilla på å lage smekker. Syns det er frigjerande å kunne kombinere fargar på ein litt utradisjonell måte og likevel vere fornøgd med resultatet. Har brukt både gjenbruksstoff, nye stoff og gamle retrostoff, alt i bomull. Alle har trykknappar og er sydd etter same mønster, men breidda varierer noko. Dei vil alle kunne passe ein liten sølekopp i alderen 4 – 18 mnd. Toler maskinvask på minimum 40 grader. Pris kr 50,- stk.

Dei to første smekkene har stripete bakgrunnsstoff i rosa/lime/beigetonar.

Grisungen har fôrstoff som er einsfarga naturkvitt. *solgt*

Dette brune stoffet med festlige sirklar har ein gong vore ein kjole. Eg lurer på om den tilhøyrde bestemor? Bakstykket er turkis. *solgt*

Masekråka har fått bakstykke som matchar dei lilla blomane, altså einsfarga blålilla stoff. *solgt*

Baksida til denne fuglesmekka er knall turkis. *solgt*

Nok ei raudgrøn småmønstrete smekke med naturkvit bakgrunn. *solgt*

Kjenner du ein liten ertekrok? Turkis fôrstoff også her. *gitt bort*

Om du vil kan eg sy smekker med sjølvvald tekst, evt namn, og fargar etter ønske.

Knæsj

oktober 29, 2008

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ingen fare for å forsvinne i mengda med denne buksa! Det raude eplestoffet er bomull med trykk, og i midjen og nederst på beina er det ribb. Skikkelig kosebukse, med god plass til bleie! Storleik 6-12 mnd. Pris 149,-

Blå blomar

oktober 27, 2008

     *solgt*

Nok ein forklekjole, denne gongen laga på bestilling. Ønsket var ein forklekjole str 2-3 år i sterk farge, med navn. Tok ikkje bilete etter navnet kom på, men eg brukte sjablong og kvit tekstilmaling og trykte navnet på den mørkeblå sida, rundt blomen. Blomsterstoffet er eit retro gardinstoff eg likar veldig godt, medan det mørkeblå er einsfarga bomull. Håpar mottakaren er fornøgd!

Hjertelig

oktober 17, 2008

Kvite kort med hjertebilete på (utklipp). Den lyseblå, prikkete bakgrunnen er i tynn filt. Korta på det øverste biletet har hjertebilete i gråtonar, medan dei tre nederste er i sandtonar/beige. Storleiken er ca 7 x 10,5 cm og passar perfekt når ein skal gje vekk ei lita gåve og treng eit kort. Eg tenkte å selje dei som 3-pakning for 40 kr pr pakke.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fargerik forklekjole i retro bomullsstoff. Vendbar. Den eine sida er einsfarga mellomblå. Sidan stoffet har mykje mønster i trykket har eg valt å ikkje sy på detaljar av noko slag, så kjolen er knapp- og pyntefri. Storleik ca 2-3 år som kjole. Kan brukast som tunika når barnet veks. 

*Kjolen er gitt bort*

Pip pip

oktober 7, 2008

Her har eg sydd ei kosebukse i eit bomullsstoff med litt krepp. I midjen og rundt beina er det ribb og på baken har eg sydd på ein fugl i tekstiltrykk. Mønsteret er str. 68, men eg vil anslå at den passar eit barn som vanlegvis brukar str. 74-80. *gitt bort*

Handlenett ala 1974

oktober 7, 2008

Dette stoffet berre ropte at det ville bli eit handlenett! Eg lagde to. Dei har storleik omlag som ein plastpose frå butikken, og ei lomme på innsida som nettet kan brettast nedi når det ikkje er i bruk. Då blir størrelsen 12 x 15 cm. Hendig å ha i bilen eller veska! Materialet er lett og glatt, men delvis syntetisk og difor sterkt. Vaskbart. *gitt bort*